Monika

Monika kjem frå Bømlo kvar ho bur med mykje venner og familie rundt seg. Monika forteljar at "me er alle veldig glade i gode smakar og sosiale samankomstar. Derav kjem nok gleda over å lage mat med gode råvarer og spennande smakar. Det dreier seg ofte om mat!" seier Monika. Ho fortsetter videre og fortell at "foruten å bruke tid med familie og venner liker eg å jobbe med andre kreative utrykk, som viser seg på mange ulike måtar. Gjennom eit maleri, hage, eit arrangement og andre ting der ein kan jobbe med det estetiske. Eg er glad i kjøkkenhagen min og følger mykje blogger rundt dette tema for å finne måter å bearbeide og ta vare på det eg sår og haustar".

Matinteresse

Når vi spør Monika om korleis matinteressa oppstod, kan ho fortelje følgjande; "Interessa mi for gode matopplevingar blomstra noko opp då eg vart ung vaksen. Å lage god mat som eg kan dele med andre gjer meg ei utruleg god kjensle. Eg elsker å overraske og glede andre, og då gjerne gjennom matvegen. Ingenting er betre enn å samle familie og venner der me deler mat og vin og gode ord, som Bjørn Eidsvåg seier. Den syng me forresten alltid før mat ved det årlige lutefisklaget eg arrangerer.

Det eg liker aller best er å eksperimentere og finne nye smakar og utvikle rettar. Denne eksperimentasjonen skjer ofte ved at årstidene fungerer som eit startpunk. Å bruke det ein kan så og sanke er spennende. Frå juli til oktober er det soppjakt, krabbe og sjømat høyrer seinsommer og tidleg høst til. Lam i oktober, lutefisk i nov-des, julemat, torsk i januar og februar, og innimellom her så vintersår eg slik at eg har grønnsaker mest heile året, uten drivhus.


Monika si lidenskap for matlaging, innhøsting og sosiale samankomstar der maten er i fokus, kan følgjast via hennar Instagram-konto, @matpaafat_monika. Kontoen kom til som eit resultat av mykje ekstra tid under Covid- pandemien og eit behov for å fylle denne tida med noko kjekt.

Monika & SALMA®

Eg kjem frå Bømlo og bur kun få km unna produksjonen. Mor mi jobba hjå Bremnes Seashore i 22 år til ho pensjonerte seg og dattera mi hadde ein av sine første sommerjobber der. Her eg bur kjenner alle til SALMA® og vi er stolte over merkevaren. SALMA® er ein viktig del av vårt samfunn og sikrar oss arbeidsplassar.

Det er stor stas for meg å kunne kalle meg SALMA®-ambassadør!