Pressemelding 2020-10-26: SALMA-produsenten Bremnes Seashore går i dag inn som medeigar i Salmon Group-fellesskapet, eit nettverk av 41 oppdrettarar som legg vekt på lokalt eigarskap og samspel med lokalsamfunna. Gjennom eigarskapet tar Bremnes Seashore også del i Salmon Group sitt innovative fôrsamarbeid.
– Salmon Group er svært glade for å kunne ønskje velkommen ein aktør i næringa som har eit så godt blikk for dei viktige drivarane. Vi har tatt oss god tid til å bli kjent med kvarandre, diskutere og samtale om kva som er viktig for kvar av oss. Vi er veldig trygge på at vi har fått med ein oppdrettar som vil passe godt i vårt nettverk, seier Jan Olav Langeland, administrerande direktør i Salmon Group.
– Me har felles verdigrunnlag med dei andre eigarane i Salmon Group, ei gruppe oppdrettarar som står fremst i utviklinga av berekraftig lakseoppdrett. Alle selskapa vil bidra til aktivitet og arbeidsplassar i lokalsamfunna langs kysten. Dette gjer at me passar godt inn i fellesskapet, seier Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes Seashore.
Salmon Group har dei siste åra merka seg ut med sitt systematiske og konkrete arbeid med berekraft. På bakgrunn av forstudien «Bærekraftig oppdrett av laks og ørret – Hva er det?» har dei kunna gjere spesifikke justeringar med fôret. Endringane er konkrete og har resultert i ein hittil 36 % reduksjon i karbonfotavtrykket frå produksjonen av laks og aure som veks opp på SG-fôr.
– Salmon Group har teke store steg for å redusera fotavtrykket frå fôrproduksjon og -transport, og set standarden for berekraftig fôr til oppdrettsnæringa. Me ønskjer å bruka meir marint innhald og andre berekraftige fôrkjelder, noko me får gjennom dette eigarskapet, seier innovasjonssjef Laila Knarvik i Bremnes Seashore.
Bømlo-bedrifta Bremnes Seashore er ei solid familiebedrift og ein kvalitetspioner innan lakseoppdrett. Med sin sterke drivkraft og nytenking innan teknologi, merkevareutvikling og strenge krav til produksjonsprosessar, har lakseprodusenten blitt ein markant norsk matprodusent med sterke merkevarer òg internasjonalt. Merkevarene SALMA og BÖMLO representerer norsk lakseproduksjon på ein svært god og truverdig måte og evnar å nå ut til et breitt publikum.
– Filosofien som driv både Bremnes Seashore og Salmon Group har mange likskapar, særleg når det gjeld fôrstrategi og arbeidet med berekraft. Vi drivast begge av å jobbe konkret og systematisk med utfordringar i næringa som krev nye løysingar som kan bidra til riktige og raske nok justeringar. Her ligg Bremnes Seashore heilt i front og vi er stolte over at dei no vel å slutte seg til nettverket, seier Nils Aadland, direktør samfunnskontakt i Salmon Group.
For Salmon Group-nettverket er det særleg fôrsamarbeidet som bind dei små og mellomstore oppdrettarane saman. Her er det gjort store grep dei siste åra som både tek vare på dyrevelferd og sikrar ei sunnare ressursforvalting.
– Vi gjer heile tida avvegingar rundt innsatsfaktorar i produksjonen og er bevisste på å velje fôringrediensar, transportmåtar og –avstandar, teknologi, energi m.m. som kan redusera miljøbelastinga. Vi må derfor alltid vurdere samansettinga i fôret slik at det totalt sett reduserer avtrykket, samtidig som det tek vare på miljø, velferd, helse- og ernæringsbehovet hos fisken, og eit godt og sunt produkt som appellerer til forbrukarane, seier fôr- og innkjøpsansvarleg i Salmon Group, Nils Inge Hitland.
Dei klare samanhengane mellom korleis fisken har det og kvaliteten på det produktet forbrukarane møter i butikkane er kjente. Fisken sin diett er blant dei viktigaste innsatsfaktorane for å oppnå god fiskevelferd og god kvalitet på lakseprodukta, og er samtidig den viktigaste parameteren som indikerer kor berekraftig produksjonen av laks er. Både Bremnes Seashore og Salmon Group ser verdien av å stille strenge krav til seg sjølv og eiga næring og å bidra til utvikling av næringa, og meiner dette er både eit samfunnsansvar og ei sjølvfølgje for ansvarlege matprodusentar.
– SALMA sine kundar er kvalitets- og miljøbevisste, og dei forventar at me skal vera leiande på berekraft. Fôr av høg kvalitet er grunnleggjande for kvaliteten til SALMA-laksen, og me er alltid på jakt etter måtar me kan utvikle produktet vårt. Gjennom samarbeidet med Salmon Group får me eit meir framtidsretta og berekraftig fôr, seier Jaroslava Juricova-Olsen, Marknadsdirektør i SALMA.
Bremnes Seashore sluttar seg til Salmon Group 26.oktober 2020.
Bremnes Seashore er ein av Noregs leiande leverandørar av kvalitetslaks til verdsmarknaden, og har etablert dei kjende merkevarene SALMA og BÖMLO. Produksjonen skjer ved 23 oppdrettsanlegg og tre settefiskanlegg i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland.
Dei produserer 500 000 laksemåltid kvar dag frå deira topp moderne prosess- og foredlingsanlegg i Kvednavikjo i Bømlo kommune. Deira salsselskap Ocean Quality og Salmon Brands har avdelingar i Bergen, Oslo, Stockholm, Paris og Shanghai.
Med over 450 tilsette og omsetnad på 2,8 mrd. kroner er Bremnes Seashore ein viktig arbeidsgjevar og aktiv støttespelar i lokalsamfunna der dei har drifta si. Dei legg vekt på berekraftig utvikling av næringa og deltek i mange forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med leverandørar, teknologiutviklarar, næringsklynger og forskingsmiljø.
For meir informasjon, besøk deira nettside: https://www.seashore.no/
Einar Eide, Administrerande direktør, +47 971 94 007, E-mail: einar@seashore.no
Simon Nesse Økland, Utviklingssjef, +47 917 59 753, E-mail: simon@seashore.no
Jan Olav Langeland, Administrerande direktør, +47 958 15 805, E-mail: jan.olav@salmongroup.no
Maria Schütz Fløisand, Kommunikasjonssjef, +47 920 30 905, E-mail: maria@salmongroup.no